Nyheter
Wassara Systems
07/05-2009
Qmatec Drilling er forhandlere av Wassara Systems.
For mer informasjon, se www.wassara.com
Ser mot Europa
29/01-2008
Qmatec Drilling i Vinje vil ekspandere og ser no mot den europeiske marknaden.
Det er kring eitt år sidan Nemek gjekk konkurs, og Qmatec Drilling kjøpte opp konkursbuet. Fjoråret var eit ryddeår og 2008 blir eit konsolideringsår før det i 2009 er tilnærma lik framtidig drift. Nemek-riggar blir hovudsakeleg selt i Noreg, men det er også leveransar til Spania og andre skandinaviske land. No ynskjer dei å utvide marknaden.
– Me skal mellom anna på ei messe i England og ser også mot mellom-Europa, blant anna den tyske marknaden, seier styreleiar i Qmatec Drilling, Kjell Arild Grønås.
– Korleis har det fyrste året vore?
– Det har vore hektisk, men spennande. Som eigarar har me vore tilstades heile tida, og eg trur det er viktig for verksemda å ikkje ha perifere eigarar. Det er stadig avgjerder som må bli tatt. Det har godt etter forventningane, sjølv om me er 4-5 månadar etter skjema, seier Grønås.
Tatt godt i mot
I fjor blei det produsert i overkant av 20 boreriggar. I år kjem talet opp i kring 30. Grønås fortel at tilliten til merkenamnet Nemek ikkje har blitt skada etter konkursen. Sjølv om namnet på verksemda er nytt, lever merkevara Nemek vidare.
– Me har blitt tatt godt i mot av alle. Einaste unntak er Vest-Telemark kraftlag som fyrste dagen etter me overtok truga med å stengje straumen om me ikkje betalte forskot. Det var skuffande, seier Grønås.
I den fyrste tida etter overtakinga var det mykje service som prega kvardagen. Det var ein del å rydde opp i.
– Det var arbeid me ikkje var pliktige å gjere, men me ynskjer å opptre ærleg og ryddig, seier Grønås.
Skundar seg sakte
Det er i dag i underkant av 40 tilsette ved Qmatec Drilling i Åmot.
– Me skundar oss sakte, og veit prisen for å hoppe for fort inn i noko, seier Grønås.
Han meiner dei tidlegare eigarane mangla produksjonsteknisk kompetanse og gapte over for mykje.
– Det er fornuftig med mange planar, men ein må ha eit solid fundament. Det var mange hus, men grunnmuren blei gløymt, meiner Grønås.
– Korleis er den økonomiske situasjonen?
– Solid og grei. Det er ikkje gjeld til andre enn eigarane, seier Grønås, og legg til at eigarane, Qmatec og Kolberg Caspary Lautom, har vilje og styrke til å gjere grep.
– Me har god kontroll, men passar på kvar krone. Framtida er ljos, men det krevst hardt arbeid, seier styreleiaren.
Høgkompetanse
Det er mykje snakk om behovet or høgkompetansearbeidsplassar for å skaffe folk til regionen. Qmatec Drilling har sidan i haust lyst etter produksjonsplanleggjar, men interessa har vore lita.
– Etterspurnaden har vore liten, og det gjer at ein må litt ned på krava. Det er ein god arbeidsmarknad og mange «feite jobbar» er relativt enkle å få, trur Grønås er noko av årsaka til lunken interesse.
– For oss er det viktig at søkjarane har ei tilknyting til Vest-Telemark, for me ynskjer å tenkje langsiktig, seier han.
Satsar i Vest-Telemark
Fredag blei dei tri fyrste riggane i 2008 presentert i Åmot. Vetle Sjøholt i Sør-Norsk brønnboring blei møtt med champagne og jordbær ved overrekkinga. Verksemda har kjøpt ein «rolls royce»-rigg med alle funksjonar. Riggen har mellom anna både manuell- og radiostyring, noko som er ein garanti for at det blir lite daudtid. Det er viktig i ein hektisk kvardag der effektivitet er eit nøkkelord.
– Nemek er tingen, det er eit kvalitetsprodukt. Det er unikt at me har slike produkt som blir produsert frå a til å i Telemark. Det er noko me kan vera stolte av, meiner Sjøholt.
Han kjøpte tilbake den grenlandsbaserte familieverksemda i 2000, og Sør-Norsk brønnboring omsette for meir enn 30 millionar kroner i fjor.
No satsar dei på Vest-Telemark og har tilsett tri vesttelar til å serve regionen.
– Det er viktig for tilliten at kundane kan ta kontakt med lokale, meiner Sjøholt.
Ei sprudlande markering av ei ny tid
27/03 -07
For å markere ei ny tid, blei den fyrste boreriggen frå Qmatec drilling døypt med hjelp av ei flaske alkoholfri champagne. Det var edle dråpar som dei tilsette sette pris på. Til venstre: styreleiar Kjell Arild Grønås og Aslak Lofthus.
Då styreleiar Kjell Arild Grønås knuste champagneflaska mot boreriggen, markerte det ein ny start for hjørnesteinsbedrifta i Vinje som no heiter Qmatec Drilling.
Framleis ber produkta som blir til i Verkstadvegen i Åmot namnet Nemek. Men no er det Qmatec drilling AS det handlar om. Etter hektiske og kaotiske månadar før og etter jol som enda med konkurs for Nemek, er det no optimisme i Åmot. Måndag blei den fyrste boreriggen presentert og døypt i strålande solskin som fungerte som eit symbol på «den nye tida.» Riggen, ein Nemek 407 RT, skal til Sverige. Styreleiar Kjell Arild Grønås fekk æra av å knuse champagneflaska mot riggen.
20 millionar
Dei nye eigarane i Åmot, Qmatec og Kolberg Kaspary Lautom, har styrt bedrifta aktivt i vel ein månad. Produksjonen låg berre nede ei veke i samband med konkursen. I dag er 36 personar tilsette ved hjørnesteinsbedrifta, og framtida ser ljos ut skal me tru dagleg leiar Arild Tjelle.
– Me har ordrereservar for 20 millionar som me håpar me skal få ut i løpet av september, seier Tjelle til VTB.
Han trur ikkje Nemek-konkursen har skada merkenamnet nemneverdig i marknaden, og seier dei fleste har forståing.
– Det meste ser ut til å løyse seg. Ein viss skepsis er det. Me arbeider framleis med å få nokre av leverandørane som har tapt pengar til å forstå, seier Tjelle.
Ny tid
– Det er ei ny tid med nye tankar, sa Tjelle til dei frammøtte i Åmot måndag.
Han meinte dei nye eigarane var engasjerte og viste stor vilje.
– Dei tilfører meir enn berre pengar, sa Tjelle før styreleiar Grønås fekk ordet.
– Sjølv om denne riggen blei byrja på før eigarskiftet, er dette ei viktig markering. Produksjonen er i gang for fullt, og dette hadde me ikkje klart utan dykk, sa Grønås vendt mot dei tilsette.
Grønås seier til VTB at det har vore ein hektisk månad. Han opplyser at det blir arbeidd med omorganisering i dei ulike avdelingane.
– Nokre plassar må me tilføre ressursar, andre stadar kan det hende me må omstrukturere. Men det er ikkje nokon her me ikkje har bruk for, for å seie det slik, seier styreleiaren.
– Me vil ha fokus på å levere kvalitet, held han fram.
Grønås opplyste elles at det blir meir sjølvstendig arbeid for dei tilsette i sjølvstyrte grupper.
(artikel ur Vest-Telemark Blad 27/03 -07 av Øystein Øygarden)
14/02 -07
Ingeniørbedriften Qmatec overtar sammen med Kolberg Caspary Lautom konkursboet etter Nemek i Vinje
Qmatec og Kolberg Caspary Lautom (KCL) ønsker å bygge videre på den kompetansen som er opparbeidet på Åmot, og har godt håp om å skape varige og lønnsomme arbeidsplasser i bygda.
Qmatec er fra før lokalisert i Gjerstad og Kristiansand og selskapet består av ingeniører og sivilingeniører som fram til nå har hatt all fokus på engineering av offshoreutstyr for verdensledende utstyrsleverandører til oljeindustrien.
Selskapet har bred kompetanse innen design, produksjonsteknikk og produktutvikling, samt optimalisering av produkter og produksjonsprosesser.
Kolberg Caspary Lautom er lokalisert i Asker. KCL er en av landets ledende importører av hydraulikk komponenter, pneumatikk, industriverktøy og autodeler, samt prosjektering og omfattende produksjon av egne spesialtilpassede hydrauliske enheter.
For ytterligere kommentarer, kontakt daglig leder i Qmatec, Kjell Arild Grønås. Tlf. 92292697

